Lev litt ekstra - Tobias

  • 100,-

Minnearmbåndet til Tobias.


På lager.
Del

"150mm er utsolgt, kommer inn midt i juli ca :) "

Tobias på 17 år; min einaste gut som brått og brutalt blei frateken livet som han elska så høgt. Dagen der Tobias mistar livet endrar og livet til oss som lev igjen. Sjokket, uverkelegheita og den enorme sorga etterpå er ubeskriveleg. Korleis fortsetje eit liv utan Tobias? Eit dikt som kom til meg etterpå var dette: «Ikkje gløym å leva sjølv om eg er død. Lev heller litt ekstra for meg» (Kristin Straume) Det er eit god tanke å ta med seg. Tobias si glede over livet vil eg ta med meg og leve litt ekstra for han. Eigentleg burde alle leve litt ekstra og vera meir tilstades her og nå, då ingen veit kva som skjer i neste sekund, neste dag.

Tobias elska livet sitt. Han vil eg sei levde litt ekstra og absolutt her og nå. Han var ein god gut med omsorg for dei rundt seg. Med sin store sjarm og humør spreidde han alltids masse glede rundt seg og fekk seg lett nye vener. Han hadde og eit ekstra hjerte for dei som strevde litt.

For å heidre Tobias og la han få leve litt vidare, vil me lage eit fond. Pengar som kjem inn her vil gå til ulike formål som hadde vore i Tobias si ånd. I hovedsak blir det til barn og unge som treng det. På min instagram @bestohuset kan du følge denne reisa om du vil.

Kva skjedde?

Tobias hadde akkurat flytta på hybel og begynt på skule på Jæren. Sommaren med traktor, jobbing og vener var over. Draumane og planane var klare. Firhjulingen hadde han med seg nedover. Så var det og den som enda livet hans. På ein veg der nede saman men nye, gode vener. Fine ungdommar som plutseleg står i eit mareritt klarar å gjere alt rett, naudetar og sykehus etterkvart. Dei indre blødningane var store og tross innsatsen frå alle fekk ein ikkje redda Tobias sitt liv. Livet han såvidt var starta på, men likevel eit innholdsrikt liv med masse kjærleik.

Mamma🧡