Ikkje alle helter bruker kappe

  • 100,-

Aksel sitt minnearmbånd.


På lager.
Del


Overskuddet går til Barnekreftforeningen.

Les mammaen til Aksel sine egne ord her:

No har superhelten Aksel fått sitt "eget" armeband, eit armeband til inntekt til forsking på barnekreft.  Aksel kjempa i fleire år, med smerter, infeksjoner og oppkast.  Den nydelige gode guten vår som døde 30.05.20. Tenk om vi var komt lengre i å forske på barnekreft!  Tenkt om vi kunne gi barna våres ei behandling som virka bedre og var meir skånsom.  

Aksel har hatt ein enormt stor heiagjeng rundt seg heilt sida han fekk diagnosen i april 2018, han er ikkje berre våres superhelt, men alle sin.  Han er bedre enn spiderman, supermann og batman tilsammen, han har lært oss å sette pris på kvarandre og på kvardagen.  Han sa alltid: Du må aldri gi opp!  Så derfor teksten på armebandet.  Han har til og med sin egen superhelt sang som heiter Akselrock på Spotify.  Aksel blir nok aldri glømt, aksel har satt djupe spor. No vil vi bruke hans superkrefter til å samle inn endå meir penger til forskning, denne gangen får du eit flott armeband i Lilla som var Aksel sin yndlingsfarge og grønn som va riktig farge.. John deer grønn.   Det er ein fryd å samarbeide med Askilfondet - tusen takk for så god hjelp

Håpe dåke lika armebanda og har lyst til å bæret det rundt armen.

Til slutt - ta vare på kvarandre og ta vare på kvardagen! Det kan vi ikkje få sagt nok.